Er landsmøtemusikken lyden av Noreg? Lat oss håpe ikkje. Hittil i år har underteikna fått vore med på tre landsmøte, hos Høgre, Senterpartiet og Arbeidarpartiet. Det har vore kjekt, men musikken har vore så som så. Den musikalske landsmøtereisa starta med Høgre sitt landsmøte på Gardermoen. Det var som å vere publikum på ein tre dagar lang Idol-audition, musikalsk sett. Drammensbandet Donkeyboy spelte, og Kåre Willoch vart introdusert til overdøyvande poprytmar. Høgdepunktet var ei framføring av «I morgen» frå musikalen Annie:
Denne helga vart tre av dei nye bomstasjonane i Bergen ramponerte same natta som dei vart tekne i bruk. Så langt har motstandarane nøya seg med køyr-sakte-aksjonar under mottoet «Nok er nok» og ei partistifting, men for nokre er det tydelegvis ikkje godt nok.