Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Gjenstridig: I Michael Rindahls debutroman var graset grønare før i tida.

Utkantposten

Litteratur

Michael Rindahl

Gammelgresset

Litteratur

Gyldendal 2019, 200 sider

Ein merkar tidleg i «Gammelgresset» at Michael Rindahl er ein forfattar som tek seg tid. Historia om Edvin, ein gammal einstøing frå ei utkantøy i Nord-Norge, er fortalt nett slik ein kan vente seg: langsamt og detaljert, med merksemda retta mot kvardagslege gjeremål, med minnesekvensar og knappe dialogar – og nokre knusktørre ordspel av det slaget som besteforeldre gjerne kjem med. Romanen følgjer Edvin etter at han har blitt betalt for å flytte inn til fastlandet. Han var postmann, men så blei øya avfolka og posten avvikla. No er han gjerandslaus, og går den styrte utviklinga i møte med ein viss trass. Han erkjenner at graset var grønare før, men utfører sine små, motstridige handlingar, medan alt rundt han blir forandra til «noe ufravikelig ugjenkjennelig».