Sist lørdag vant DN-journalistene Kjetil Sæter og Markus Tobiassen Skup-prisen for Tidal-avsløringene. NTB sendte ut følgende melding: «Avsløringene av hvordan det er manipulert med spillelister i strømmetjenesten Tidal ga Skup-prisen til DN-journalistene.»
Dei ukjøpte avisene
I 1971 var eg 21 år og kom frå Trøndelag til hovudstaden, naiv og uerfaren. Vietnam-krigen gjekk for fullt på den tida. Ein dag vart eg stoppa av ein journalist på fortauget i Grønlandsleiret. Han ville ha «Fem på gata» sitt syn på fredsforhandlingane som gjekk føre seg i Paris. Den unge trønderen ga eit gjennomtenkt svar på spørsmålet. Det var jo stas å bli intervjua i ei stor hovudstadsavis – rett nok med berre eit par setningar. Neste morgon sprang eg ut på gata og bort til næraste aviskiosk. Eg bladde opp avisa og fann bilete av meg sjølv med eit par setningar under. Men der stod den rake motsetnaden til det eg hadde uttalt dagen før. Vonbroten og sint kasta eg avisa i første søppelkorga eg fann og gjekk heim fast bestemt på at den avisa skulle eg aldri meir kjøpa.