Gudmund Skjeldal
Taparskalle.
Litteratur
Tekstar om idrett
Cappelen Damm 2019, 140 sider
Det er mange måtar å tape på. Til dømes i fotball, som er den sporten eg har mest tapserfaring frå. I ein kamp i Manglerudhallen førre veke skaut eg tre gongar i stolpen, to i tverrliggaren, men berre éin i nettet, og laget mitt tapte 1–2. Veka før kan eg ikkje hugse at vi fekk fyrt av eit einaste skot mot mål, medan motstandarane banka inn fem ballar bak målmannen vår. Tapet var fullt fortent og difor lettare å godta.