Du kan bla til neste sideBla med piltastene

LO: Uaktuelt med kutt i sjukelønn

ØKONOMI: LOs nestleiar Peggy Hessen Følsvik avviser alle forslag om kutt i sjukelønnsordninga. – LO går kraftig imot alle kutt i sjukelønnsordninga og andre trygdeordningar. Det løyser ikkje dei verkelege utfordringane med å få folk i jobb, men fråtar berre svake grupper inntekt, seier ho i ei pressemelding. Eit utval leidd av professor Steinar Holden la i går fram forslag til tiltak for å få fleire sjuke og uføre i jobb. LO reagerer sterkt på forslaget om at lønn under sjukdom blir redusert til 80 prosent for dei som har vore sjuke i meir enn seks månader. NHOs arbeidslivsdirektør Nina Melsom ser fram til å drøfte saka vidare når partane i arbeidslivet no blir invitert med i utvalet. ©NPK