Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kald: Han Kangs nye roman på norsk råkar ikkje spesielt hardt.

Feiar forbi

Ein namnlaus forfattar er på skriveopphald i ein namnlaus europeisk storby. Det er ein by som vart øydelagt under krigen, og der ingenting «har eksistert i mer enn sytti år. Festningene og slottene i utkanten av gamlebyen, de kongelige sommervillaene ved innsjøen utenfor byen er alle falske». Det er her at forfattaren for fyrste gong byrjar å tenka på systera si, som døydde berre to timar etter at ho vart fødd, og som såleis «hadde møtt den samme skjebnen som denne byen». Ho skriv om denne systera, som om ho hadde overlevd, eller kanskje berre som om ho var ein del av forfattaren sjølv, og om den korte, korte stunda då ho faktisk levde som ein eigen kropp i denne verda.