Illusjonar for livet
Rørsle: Dikta til Anne Helene Guddal peiker mot det som finst, og det som berre tilsynelatande finst.


Anne Helene Guddal
Min imaginære venn
Litteratur
Kolon 2019, 58 sider
I poesien finst det to motsette rørsler som skaper ulike uttrykk. Den eine strekkjer seg mot det nye i tanke og form, er utfordrande og gjerne dramatisk. Den andre søkjer innover i det kjende, mot innsikter som står att når all språkleg «pynt» er skrella av. Dikotomien er sjølvsagt ei forenkling, men kva er språk, om ikkje meir eller mindre villeiande abstraksjonar? Både dei tidlegare utgjevingane og den nye diktsamlinga «Min imaginære venn» plasserer Anne Helene Guddal i siste kategori, og det reduktive uttrykket speglar kjernen av tematikken: Spørsmålet om ein djupast sett er aleine i verda.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn