Tider skal kome
Slekters gang: Fortida er ein prolog i Øystein Ortens nye roman.

Øystein Orten
Aldri kome tilbake
Litteratur
Samlaget 2019, 170 sider
I novellesamlingane «Sjabervik» (2011) og «Risp i berget» (2015) har Øystein Orten leika med novelleforma, og skrive saman svært ulike teksttypar – regler og runer, balladar og brev – til historiske portrett av små lokalsamfunn på Sunnmøre. Også i romanane sine har Orten blanda historisk stoff i fantasifulle fiksjonsformer, og laga viltre forteljingar som «Rasmus Rebellen» (2013). Som historikar i romanform interesserer han seg ikkje berre for historiske situasjonar, men også for eksistensielle grunnspørsmål som tidenes og slektenes gang gjerne fører med seg.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn