Er det trygt å nytta svartekunstar mot mørkemakter?
(Skammerens datter 2 – Slangens gave, Danmark/ Norge, 2018)
Regi: Ask Hasselbalch
Manus: Gunnar A. K. Järvstad, etter Lene Kaaberbøls bøker
Med: Rebekka E. Sattrup, Jakob Oftebro, Agnes Kittelsen, Dejan Cukic, Allan Hyde, Stina Ekblad, Mikkel Arndt, Søren Malling, Nicolas Bro
Lengde: 1 t. 44 min.
Ingen nordisk fantasyseriehar treft heimepublikum betre enn Lene Kaaberbøls fire bøker om Dina – skammarens dotter. Her til lands vart Skammarserien (Samlaget) ein nynorsksuksess for ungdom på 2000-talet. Når det no er klart for den andre, skandinaviskproduserte Skammar-filmen (basert på den tredje boka «Slangens gåve»), er det difor gledeleg at den norske distributøren har gjeve kinoane høve til å setja han opp med nynorsk teksting.