Du kan bla til neste sideBla med piltastene

KAF til liten nytte

Laurdagens essay i Klassekampen var «Karbonfella», skrive av ei stor gruppe frå inn- og utland. Dei argumenterer sterkt for ein skatt (KAF) på produksjon av fossile brensel. Inntektene frå ein slik skatt skal fordelast likt mellom innbyggarane, slik at det vert ei form for omfordeling. Undersøkingar i ein del land syner at befolkninga i stor grad støtter eit slikt tiltak. Det er ikkje overraskande at folk seier ja takk til meir pengar.