Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Arbeidarpartiet og Raudt meiner bemanningsbransjen snor seg unna innstramming:

Krev forbod på Austlandet

MANGE: På byggeplassane i hovudstaden florerer bemanningsselskapa. Både Raudt, Ap og fagrørsla vil ha slutt på det. Her frå ein byggjeplass i Oslo sentrum. Christopher Olssøn

MOT: Raudt foreslår forbod mot innleige frå bemanningsbyrå. Arild Grande (Ap) vil berre halde dei unna byggeplassar rundt Oslofjorden.

I morgon samlar fagleg tillitsvalde frå heile landet seg utanfor Stortinget i politisk streik for å kreva harde tiltak mot bemanningsbransjen. På innsida av bygget jobbar både Raudt og Ap med politiske forslag for å koma aksjonistane i møte.