Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Korfor ikkje la folk med ein viss BMI konkurrere mot kvarandre?

Avskaff kjønnsidrett!

IKKJE GJENNOMSNITTLEG: Utøvarar som sørafrikanske Caster Semenya, som har høgt testosteronnivå, utfordrar synet vårt på kjønn – og på idrettens regelverk. FOTO: JONAS EKSTRØMER, TT/NTB SCANPIX Jonas Ekstrˆmer/TT/TT

Den store dagen har kome. Dottera di ringjer. Kjærasten hennar har fødd. – Står det bra til med mor og barn, spør du. Er barnet velskapt? Og så kan du det tredje spørsmålet allereie. Vi lever i ei verd som er gjennomsyra av genus. Det er derfor vi spør om barnet er jente eller gut. Hadde det ikkje gjort noko for kva slags liv den vesle skapninga kjem til å leve, hadde det ikkje gjort så mykje kva kjønn det har. Men kjønn blir til genus hos oss, kroppen set ramma om kva slags sosial rolle barnet kjem til å få. Dermed vil vi vete, og helst kjapt. Det er skilnad mellom dei fleste mannskroppane og dei fleste kvinnekroppane, og desse skilnadene har å gjere med ulik utforming av kjønnsorgana, med ulik reproduktiv funksjon, og med ulik gjennomsnittleg lengd og vekt. Innanfor manns- og kvinnekjønnet er skilnadene større enn mellom gjennomsnitta for kvart kjønn. Sidan vi no har sjølvvalt juridisk kjønn, finst det også menn med kvinnelege kjønnsorgan, og motsett. Dessutan lèt store grupper kvinner og menn vere å reprodusere seg, om lag ein fjerdel av mennene i Noreg, og halvparten så mange kvinner. Likevel møter vi forventingar om og til genus overalt.

Feministane Bodil Stenseth, Wencke Mühleisen, Asta Beate Håland, Stephen Walton, Kristina Leganger Iversen og Muna Jibril skriv i Klassekampen måndagar.