På realskolen gjekk eg i klasse med Karin, det er meir enn 50 år sidan. Ho har jobba på høgt nivå i Fagforbundet og var aktiv i Arbeidarpartiet fram til ho melde overgang til SV for to år sidan. På gymnaset gjekk eg i klasse med Christian som har vore ein trufast slitar for SV på kommune- og fylkesnivå i fleire tiår. No har SV i Ringsaker nominert kandidatar til valet, med Christian på topp og Karin høgt opp. Dei har nådd normal pensjonsalder og vil inn i kommunestyret.
Ap-leiar Jonas Gahr Støre burde ha gripe inn og stoppa Trond Giske sitt comeback-forsøk. Det sa Ruth Grung, Ap sin stortingsrepresentant frå Hordaland, til Bergens Tidende på fredag.