Då nyhenda kom for eit par veker sidan om ei kvinne i Bergen som var tiltalt for å ha freista å drepe sine eigne barn, hadde eg nett vore og sett teaterstykket 2 x Medea på Torshovteatret. Nyhenda kom og forsvann raskt frå nettet, kvinna blei tiltalt, men så blei det tyst omkring den tragiske saka. Eg tenkte eigentleg ikkje så mykje meir på akkurat det tilfellet, men eg tenkte på Medea, og på kvifor ho fascinerer oss slik: Ifølge gresk mytologi er ho er kvinna som for tusenvis av år sidan drep barna sine for å hemne seg på mannen som har forlate henne. Dei siste tretti åra har denne figuren entra scena i ei rekke ulike skodespel. Svenske Sara Stridsberg har sitt skodespel «Medealand», austerrikske Christa Wolf har skrive sitt «Medea» og canadisk-britiske Rachel Cusk har også laga sin versjon.
Feministane Bodil Stenseth, Wencke Mühleisen, Asta Beate Håland, Stephen Walton, Kristina Leganger Iversen og Muna Jibril skriv i Klassekampen måndagar.