Kulturdøden fanga i stereotyp sjanger.
(Pájaros de verano, Colombia, 2018)
Regi: Cristina Gallego, Ciro Guerra
Manus: María Camila Arias, Jacques Toulemonde Vidal
Med: Carmina Martinez, José Acosta, Natalia Reyes, Jhon Narvaez
Lengde: 2 t. 5 min.
Folk er samla for å feira at ei jomfru skal førast inn i samfunnet att etter rituell isolasjon. Zaida (Natalia Reyes) er den vakre dottera til Úrsula (Carmiña Martínez), ein mektig matriark som har lært Zaida si høgt verdsette evne til å tolka draumar og tala med forfedranes sjeler.