Me har nyleg feira samane sin nasjonaldag. Dei seinare åra har det vore meir fokus på samar i undervisninga i skole og barnehage her sør, i alle fall rundt 6. februar. Forleden opplevde eg – høyrte eg – eit utslag av dette: dagen før dagen song plutseleg dotter mi så annleis og vakkert at eg kvapp til, og då eg spurte: Kva syng du? svarte fyrsteklassingen: Eg joikar!
Lars Gule, Eivor Oftestad, Anne Kalvig og Helene Næss skriv om religion i Klassekampen kvar torsdag.