POLITIET: Politiets utlendingseining (PU) uttransporterte 25 prosent færre personar i januar i år enn i same månad i fjor. Av dei 331 som vart sende ut i januar, var 265 personar bort- eller utvist, mens 26 hadde fått avslag på asyl, opplyser PU i ei pressemelding. 40 asylsøkarar vart sende til eit anna land i Dublin-samarbeidet for å få behandla asylsøknaden sin der, eller til eit såkalla trygt tredjeland der dei allereie har opphaldsløyve. 124 av dei som vart uttransporterte i januar, har vore straffa. Av dei kom 17 prosent frå Romania, 10 prosent frå Litauen og 7 prosent frå Polen. Det var Sverige som tok imot flest, til saman 33 personar. ©NPK
Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Seminar
Dagboka
- Ei av gårsdagens NTB-meldingar hadde overskrifta «Nordmenn elsker seminar – lunkne til opplæring». Ei europeisk undersøking viser ifølge Statistisk sentralbyrå at nordmenn ligg heilt i toppsjiktet med deltaking på kurs og seminar. Meir enn halvparten tek del på kurs eller seminar i løpet av eit år. Men vi ligg langt nede på lista når ein måler kor mykje tid som går med til opplæring. Vi er langt bak Austerrike, Sverige og Sveits, der folk også er mykje på seminar, men sparer i baren og går tidleg til sengs.