Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Syng, ikkje grin

Eit blaff av varm luft slo mot meg då eg kom ut av metroen. Den varsla demoen var allereie godt synleg på plassen ved Colosseum. Det var 20. juni, verdas flyktningdag: folk stod og sveitta i solsteika med banner rulla ut mellom seg. Der var eritrearane frå Comunità della pace, ein brakkeby nordaust i Roma. Ei lang liste organisasjonar og parti hadde kome ut for å demonstrere mot skjerpa grensekontroll og forsvare retten til å flykte. Overalt var det folk i dei raude kapsane til CGIL, den største fagforeininga.