Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Stillstand: «Hotellet» er ein sval og stille roman som etterlèt lesaren i uvisse.

Sørgjande i sommarsol

Litteratur

Kjersti Bronken Senderud

Hotellet

Litteratur

Forlaget Oktober 2019, 186 sider

Kjersti Bronken Senderuds tredje roman «Hotellet» er ramma inn av to tekstar der nokon spelar biljard. I den første teksten veit vi ikkje kven som spelar: «Jeg ser hvordan hun treffer alle kulene, én etter én klinker de sammen og ruller ned i det rette hullet. Slikt spill kan være ren nybegynnerflaks, eller nådeløs treffsikkerhet.» I den andre kjenner vi dei: Den eine, truleg ho som anten har flaks eller er treffsikker, er ei jente som tek inn på eit hotell saman med far og bror sin, om sommaren, ei tid etter at dei har mista mora og kona si. Den andre er Lola, dottera til hotellstyraren, som følgjer med på gjestane, og særleg på dei såkalla heilårsbuande – gjestar som har blitt verande på hotellet i lang tid. Mellom jentene står Njål, resepsjonisten på hotellet, som studerer fuglar, les bøker og er opptatt av shintoismen, og som dessutan synest å interessere seg for begge jentene.