Blågrønt avgiftskrøll
Venstre og Frp sine gjennomslag slår kvarandre i hel, meiner transportekspert:

Venstre og Frp sine gjennomslag i avgiftspolitikken for bilistar slår kvarandre i hel. Det seier Kjell Werner Johansen, assisterande direktør i Transportøkonomisk institutt til Klassekampen.
Ein viktig Venstre-siger i den nye Granavolden-plattforma som Høgre, Frp, Venstre og KrF vart samde om på nyåret, er at CO2-avgifta skal trappast opp med 5 prosent årleg.
Samstundes har Frp fått gjennomslag for å ikkje auke vegbruksavgifta på bensin og diesel. I plattforma står det: «Økte pumpepriser som følge av økte krav til omsetningspåbud for biodrivstoff og økt CO2-avgift på drivstoff ilagt veibruksavgift skal i sin helhet motsvares med reduserte avgiftssatser på drivstoff.»
Ifølgje Johansen i Transportøkonomisk institutt betyr det at desse to punkta i regjeringsplattforma vil slå kvarandre i hel og i realiteten ikkje vil få effekt på lommeboka til landets bilistar.
I praksis blir det som å «bytte namn på dei to avgiftene», seier Johansen til Klassekampen.
– Dersom CO2-avgifta blir sett opp med fem øre literen, og vegbruksavgifta blir sett ned med fem øre literen, så er ikkje det noko som vil få noko å seie til eller frå for folk ute på vegane, seier han.
SV: Venstre har tapt
Kutt i vegbruksavgifta på drivstoff er viktig for Frp, som har som del av sitt partiprogram å redusere avgiftsnivået på bil og bilbruk.
CO2-avgifta er viktig for Venstre. Før regjeringsforhandlingane tok til, kom Venstre med ei fråsegn der det står at partiet sin hovudprioritet i regjeringsforhandlingane er å kutte klimagassutslepp. CO2-avgift er eitt av punkta.

Dette er ikkje det einaste avgiftstiltaket i regjeringsplattforma som kan gå i ball for firepartiregjeringa:
På laurdag skreiv Klassekampen at Frp-sigeren med skattefrådrag for bompengar kan føre til større lokal vilje til å innføre nye bompengeprosjekt.
I spørsmålet om drivstoffavgifter er det derimot ingen tvil om at Frp har gått av med sigeren i regjeringsplattforma, meiner finanspolitisk talsperson i SV, Kari Elisabeth Kaski. Frp har fått gjennomslag ved at regjeringa vrir avgiftene i grøn retning på ei side og attende i på ei anna side, seier Kaski.
– Her er det ingen tvil om at Venstre har tapt så det syng, seier ho til Klassekampen.
Venstre: Elbilar viktigare
Sveinung Rotevatn (V) stadfestar at regjeringa ikkje vil gjerne drivstoff dyrare for bilistane. Rotevatn er statssekretær i Klima- og miljødepartementet, og seier dette er eit Frp-gjennomslag i regjeringsplattforma.
– Det stemmer at vi skjermar pumpeprisane. Det bør ikkje kome som eit sjokk at dette var ei viktig sak for Frp, seier Rotevatn til Klassekampen.
Han legg til at han som Venstre-politikar «for så vidt lever greitt med dette». Den eine grunnen er at det allereie løner seg å kjøpe elbil.
– Den store bøygen vi står overfor, er ikkje pumpeprisen på bensin og diesel, for det løner seg å kjøpe elbil. Det store problemet er leveringstida på elbilar, seier Rotevatn og legg til at akkurat nå står tusenvis av nordmenn i kø for å få kjøpe elbilar som Tesla og Audi.
– Dette er eit godt døme på at omlegginga av bilparken går raskt.
Rotevatn legg òg til at CO2-avgifta gjeld på fleire område enn for privatbilar.
– Den gjeld for store utsleppskjelder som luftfart og sjøtransport. Men akkurat for personbilar vel vi altså å legge oss på eit stabilt prisnivå.
Frp: Bra for lommeboka
Kaski i SV meiner Venstre bruker elbilar som eit «kvileskjer i transportpolitikken».
– Det spesielt av Venstre å bruke lang ventetid på elbil som eit argument mot å auke innsatsen på transportfeltet.
– Vi må både sørge for at alle som kjøper ny bil, kjøper elbil, og samstundes redusere bruken av bilar som brukar fossilt drivstoff.
Frps finanspolitiske talsperson, Sivert Haugen Bjørnstad, seier at han er godt nøgd med Frp sitt gjennomslag.
– Det viktigaste for oss er at forbrukarane ikkje skal merke store prisaukar på lommeboka. At vi held fram med grøn omlegging på ein provenynøytral måte, altså slik at staten tek inn høgare avgifter for forureining, men samstundes tek inn mindre avgifter ein annan stad, seier Bjørnstad.