PERSONELL: Helseminister Bent Høie (H) har sagt han vil ha ned vikarbruken i helseføretaka, men bruken aukar. Kjersti Toppe (Sp) er kritisk.
– Det er teke opp mange gonger at vikarbruken må ned. Når det ikkje skjer, tyder det på at det ikkje vert teke heilt på alvor, korkje i dei regionale helseføretaka det gjeld, eller i politisk leiing i departementet, seier Kjersti Toppe.