Rakafisk i Kersones
Det var då grekarane tok til å slå seg ned med byar kring Svartehavet. Sørvest på halvøyi Krim sette dei fot i år 528 f. Kr., og Kersones vart ein blømande by for handel, handverk og kultur. Velberga byborgarar sytte for eit amfiteater åt gresk scenekunst, og i 313 e.Kr. hadde keisar Konstantin den store godkjent kristendomen i Romarriket, og med kristendomen kom kyrkjor med basilika-arkitektur. Då Martin 1. vart pave i Rom i 649 var Vest-Romarriket rent i koll av folkevandringane, men i aust sat keisaren i Konstantinopel med stor makt. Pave Martin vart usamd med keisaren um læresetningar for kyrkja, og keisaren sette han fast, og sende han i utlegd åt Kersones. Martin var sjuk då, og døydde i Kersones 655.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent