Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Pride

  • Terje Søviknes ville gå i Pride-toget, men etter massiv kritikk i sosiale medium trakk den dåverande olje- og energiministeren seg frå paraden. Bakgrunnen var den 18 år gamle saka der Søviknes hadde seksuell omgang med ei 16 år gamal FpU-jente på eit landsmøte i regi av ungdomspartiet. No skriv VG at landets nye barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) ikkje vil gå i pride. Det får også massiv kritikk i sosiale medium. Som forklaring på kvifor han ikkje vil gå, seier Ropstad at han er usamd i nokre av kampsakene til Pride-arrangør Fri, som å fjerne sexkjøpslova og forslaget om å opne for surrogati.