Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Miljørørsla ikkje fornøgd med kutt

KLIMAKUTT: Noreg sine ikkje-kvotepliktige utslepp skal reduserast med minst 45 prosent samanlikna med 2005. Marius Holm. leiar i miljøstiftelsen Zero, meiner kutta er bra, men ingen garanti. – Regjeringas klimasuksess kviler no på om dei klarande å omsetje gode klimaplanar til konkrete tiltak, seier Holm. Regjeringa skal i tillegg styrke og vidareutvikle regnskogsatsingen og auke støtta til internasjonal klimafinansiering. Natur og Ungdom er skuffa over at regjeringsplattforma ikkje reduserer talet på løyve til oljeutvinning. – Med stadig meir oljeboring sviktar partia naturen og dei unge, seier NU-leiar Gaute Eiterjord. ©NPK