Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Helsearbeidarar slår alarm etter innsats i gresk flyktningleir:

Ber Norge vakna

RYSTA: Trude Jacobsen, Hanne Hezslein-Lossius, Marthe Valle og Anne Cecilie Tvedten er heime igjen etter frivillig arbeid på ein klinikk inne i flyktningleiren Moria på den greske øya Lesbos. Dei slår alarm om situasjonen i leiren.

AKUTT: Frivillige norske helsearbeidarar slår alarm om situasjonen i gresk flyktningleir. Organisasjonen Dråpen i Havet ber om evakuering.

– Eg trur ikkje politikarane våre veit kor ille det er. Og viss dei veit det, forstår eg ikkje korleis dei klarar sjå seg sjølv i spegelen kvar morgon utan å gjera noko, seier Anne Cecilie Tvedten, som til dagleg er anestesilege ved Universitetssjukehuset i Nord-Norge i Tromsø.