I Kringla heimsins 31. desember skreiv Stefka Georgjeva Eriksen sakleg og veldokumentert om busettinga av Island for tusen år sidan. Men i loftet var det trykt ein liten notis om at forskaren Margaret Clunies Ross ser på landnåmet som ‘fallisk’, der mannlege busetjarar «overgir sine egne krefter og dominans til naturen, mens guddomlege krefter sørger for at de ‘tar’ det feminiserte landet og bosetter seg der.» Ei slik forståing av landnåmet er fullt i samsvar med den patriarkalske ideologien som i hundrevis av år har blitt forkynt rundt omkring på universiteta. Men i den norrøne kulturen, slik han kjem til uttrykk i sagatekstane, finst det inga samankopling mellom erobring av land og fallisk kvinnepenetrering. Det er då heller ikkje så lett å tenkja seg i eit forståingsunivers der både kvinner og menn er maskuline.