For ei tid tilbake var eg ute i Fosenfjella i lag med ein kamerat. Han er ein av reinsamane på Fosen. Ein av dei som i desse dagar slåst hardt mot vindkraftutbygginga på Storheia. Vi hadde reira oss til oppi ein snøskavel høgt oppi fjellbandet. Varmt og fint var det der vi sat og koka kaffi på medbringa bjørkeved. Vi sat nordaust for sjøen oppe i eit digert fjell som omkransa den store isflata under oss.
Krafta i vinden
DebattVindkraft