Omgrepet tidsånd er kanskje belasta, som mange uttrykk frå eller via tysk (Zeitgeist), men det er også nyttig for å analysere historie og samtid. No endrar tidsånda seg. Nedanfrå ser me reaksjonar mot marknadsliberalismen i land etter land, me too-kampanjen, dei gule vestane, reaksjonar mot miljøøydelegging og sentralisering, og debattinnlegg og bøker der det at ei anna verd er mogeleg, er grunnlaget for tenking og ikkje tomme ord. Øvst i samfunna ser me at autoriteten til styresmakter og statsleiarar, Trump, Macron, Löfven og Solberg, raknar. I ei slik tid er det fornuftig å sjå attende i historia.