Du kan bla til neste sideBla med piltastene

I podkast-versjon er politikarane overraskande fritalande.

Pod og politikk

GOD: Høyres Henrik Aasheim leier ei av dei beste podkastane. Christopher Olssøn

Det er trendy med podkast. Det har dei fleste avishus no fått med seg. Det siste tilskotet på den politiske podkast-himmelen er «Siste med Marie Simonsen». Frå før har Aftenposten «Aftenpodden» med Trine Eilertsen, Sarah Sørheim og Lars Glomnes, og VG har «Skartveit» med Hanne Skartveit samt «Giæver og Joffen» med Anders Giæver og Frithjof Jacobsen.