REPRISE: Høgre bles nytt liv i ein debatt med røter tilbake til 1920-talet når dei foreslår å senka minstestraffa for valdtekt.
Eit lovbrot kan nordmenn gjera seg skuldig i og nesten garantert sleppa straff. Eit brotsverk som kan påføra skuld, skam, store lidingar og sjukdom på ofra. Som skapar minne som ikkje gjev slepp. Ei handling som andre stader i verda blir brukt som våpen i krig.