Du kan bla til neste sideBla med piltastene

I ein trong dal mellom bratte fjell finn poesien gode kår for vekst.

Poesi, motmakt

DIKTARLAND: Eksingedalen. Foto: Marit Hommedal, NTB scanpix Hommedal, Marit

Alltid når eg reiser heim til dalen eg kjem frå, tenker eg at denne plassen er eit teikn på motmakt. I Eksingedalen, eit fem mil langt dalføre i Hordaland, klemt inne mellom høge fjell, bur det rundt 150 menneske. Dei bur her trass ein bukett av tiltak for å sentralisera og straumlinjeforma landet vårt. Tiltak som den såkalla nærpolitireforma, som i praksis betyr at det næraste lensmannskontoret er lagt ned. Dei bur her trass i planane om å effektivisera Posten, som kan bety at dei ikkje lenger skal få henta brev, aviser og tidsskrift i postkassen kvar dag.