Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Stivt: Vibeke Løkkeberg forsøker å formidle emosjonelle sanningar gjennom eit utilstrekkeleg språk.

Over stupet

Alle veit me at me skal døy, men kva gjer det med eit ekteskap å vite at den eine parten snart skal døy? Dette er det enkle, men tunge spørsmålet som driv Vibeke Løkkeberg sin siste roman. Perspektivet i forteljinga ligg hjå den friske parten, hjå Alice, og formidlar hennar oppleving av å vere pårørande gjennom kreftsjukdommen til ektemannen Adam. Det er ein sjukdom som ikkje berre bryt ned kroppen til Adam, men òg den kjærleiken og nærleiken dei to har bygd opp gjennom mange år saman. Så å seie alt søkelyset i romanen rettar seg mot den intime relasjonen Alice og Adam imellom: Barn og barnebarn står på sidelinja, og ein einsam nabo er omtrent det einaste forstyrrande elementet i kammerspelet. Klaustrofobien Alice kjenner i denne situasjonen, vert forsterka av kjensla av at ho er i vegen for dei førebuingane Adam gjer før han skal dø. «Han ryddet og ryddet. Ryddet henne bort», skriv Løkkeberg. «Avviklet henne. Som om jeg begraves levende, tenkte hun.»