MISTRU: Hordaland er misnøgd med at Sogn og Fjordane vil gje kraftmilliardar til kommunane i fylket. Hadde dei visst, ville Ap, KrF og Høgre sagt nei til samanslåing.
Denne veka vedtok fylkestinget i Sogn og Fjordane å gje vekk 80 prosent av deira eigardel i Sogn og Fjordane Energi til kommunane i fylket. Verdien er truleg over to milliardar kroner.