Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Seks av ti vil ha norsk togdrift

SAMFERDSEL: Seks av ti spurde i ei undersøking meiner det er feil at utanlandske togselskap skal køyre på togstrekningar i Noreg i staden for NSB. I undersøkinga som Opinion har utført for Dagsavisen og Frifagbevegelse går det fram at berre 15 prosent av dei spurde meiner det er greitt at utanlandske togselskap skal køyre på togstrekningar i Noreg i staden for NSB. For 9 prosent av dei tusen spurde spelar det inga rolle kven som køyrer, mens 16 prosent svarar at dei ikkje veit. Undersøkinga kjem i kjølvatnet av at britiske Go-Ahead vann anbodet over NSB om å køyre toga på Sørlandsbanen. Mange har reagert på tildelinga, òg opposisjonen på Stortinget. ©NPK