Ruth Lillegraven
Skogen den grøne
Litteratur
Samlaget 2018, 62 sider
Den japanske meisteren Basho var høgt respektert i si samtid. Men plassen sin i verdslitteraturen har han fått mykje seinare, for tekstar han skreiv i ei lågstatusform ingen brydde seg om då han levde, nemleg haikuen. Dette kjem eg til å tenka på når eg les Ruth Lillegravens dikt for barn frå 2016, «Eg er eg er eg er». Lillegraven viste seg å vera ein poet av internasjonalt format idet ho byrja å skriva for barn.