EIGARAR: 16 av nye 18 vindkraftverk fram mot 2020 er heilt eller delvis eigd av utlendingar. Uproblematisk, meiner interesseorganisasjonen for vindkraftverka.
I sommar starta anleggsarbeidet på Hennøya vindkraftverk i Bremanger i Sogn og Fjordane. Då Klassekampen vitja anlegget på Merkingsneset, vest for Bremanger, sprengde dei plass for den nye kaien som skal ta imot dei nær 60 meter lange turbinblada. Dumparar frakta steinmassar til den drygt fire kilometer lange tilkomstvegen opp til Marafjellet, der dei 13 turbinane skal plasserast.