Sterkt spelte scener samlar filmen.
(Noreg, 2018)
Regi: Eirik Svensson
Manus: Sebastian Torngren Wartin
Med: Ines Høysæter Asserson, Nicolai Cleve Broch, Ingrid Olava
Lengde: 1 t. 20 min.
Eirik Svensson er den filmskaparen som tydelegast markerer eit estetisk generasjonsskifte blant norske spelefilmregissørar, samstundes som han alt med eksamensfilmen frå Den norske filmskolen («Fredag», 2010) demonstrerte ein personleg regisignatur.