Du kan bla til neste sideBla med piltastene
I dag

Med helseekspressen

Eg vart glad då eg vart vare eit tomt sete attmed ein gamal mann. Han hadde vore ein kraftig kar i si tid, og tungarbeid synte seg enno att i hendene hans, men kroppen var mager vorten, og andletet hadde kvasse drag. Han var frå sør i Skogbygdi, fekk eg veta, og eg kjende honom ikkje fyreåt.

Me ok med Helseekspressen heim frå sjukehuset, og radt hadde eg fortalt kva som hadde vore gale med meg. Men då mine plagor var bruka upp, då fall han ikkje inn med sine, nemnde berre stutt at han var av sterke folk og nok skulde berge seg – lengje.

Han tødde upp og fortalde um far sin. Det var spretten og sterk kar, det. Han var so umframt god til å halde uppe føtene på hestar. Når smeden på Bø ikkje rådde med ein hest, sende han bod etter faren. Han dansa lettbeint med når hesten rykte og kasta på seg, og sleppte ikkje taket. Han slo og banna ikkje, han var makalaus til å få tiltru hjå alle slags hestar, faren.

Jau, han var av sterke folk. Han kom i hug besteforeldri sine. Bestefaren hadde ikkje vore gongeført siste åri, sette berre kne-i under seg. I eplegravsten linda bestemori kne-i med gamle fillor og bar han med seg som ein reivarungje og sette han med grev og spann på kne nedst i epleåkeren. Når so bestefaren hadde grave ei for upp, bar ho han nedst att. Når øykti var til endes, bar ho han inn og kokte grauten. Slik hadde det sjølvsagt ikkje vore stødt. Dei skulde ikkje få lov til å gifte seg for far hennar. Då hadde bestefaren stroke upp til faren og teke honom i kragjen og lyst ut at han som swedenborgianar, skulde vera, laut setja pris på kjærleiken i ekteskapet, og gifte vart dei. Ingen av karane visste vel kva ein swedenborgianar var, og det visste ikkje me i bussen heller.

Han heitte etter oldefar sin, og oldefaren hadde levd til han sjølv hadde gjenge for presten. Ein vårsundag hadde han vore på veg upp guto heime, og då fekk han sjå ein som heldt seg i garden øvst uppe, drivande full. Det var oldefaren som hadde høyrt at han Eirik granne hadde brent, og dimed hadde han gjenge sjølvbedd burt for å smaka, og det hadde smaka godt. Han tala greidt endå gule fraudi storkna lag på lag i munnvikane hans. Oldefaren tykte at han var so fint helgekledd, men han hadde ikkje lika håret. Med mykje feitt var håret samla atti nakkjen. Bakantil såg det ut som ei høne i rauvi, hadde oldefaren sagt. Ingen andre, det han visste um, hadde råka oldefar sin full etter ålmannvegen. Og no lo han litevetta, reisefelagen min.

So var han framme, og han takka for fylgje og gav meg eit fast nevatak til avskil. Kan hende kom han til å berge seg lengje endå.

Hvis du er en av dem som har mottatt en bisarr e-post fra den amerikanske ambassaden i Australia, kan du se bort ifra den, melder ambassaden gjennom mediene. En ambassadeansatt under opplæring har nemlig sendt ut en e-post med invitasjon til en «cat pajama jam», en kattepysjamasfest, til diverse kontakter.