Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Det er meir som foreiner enn Hareide trur.

Samfunnsrytmen

Med boka «Det som betyr noko», og den etterfølgjande landsstyretalen, har KrF-leiar Knut Arild Hareide ikkje berre utløyst ein stor debatt i Kristeleg Folkeparti. Han har også medverka til at mange menneske som ikkje tilhøyrer partiet drøftar og gjer seg oppfatningar om kva parti KrF er, og kor partiet høyrer heime i det politiske landskapet. Etter å ha lest boka til Hareide, er det ein ting som slår meg. KrF sin ideologi ligg langt nærare sosialdemokratiet og arbeidarrørsla enn sjølv det Hareide skriv.