Kjartan Hatløy
Menneskedagar
Litteratur
Forlaget Oktober 2018, 72 sider
Kjartan Hatløy er eit av dei store namna i norsk nåtidslyrikk. I fjor kom «Dikt i samling», som over 750 sider samla dei elleve bøkene hans sidan debuten i 1996. Bøkene er på ingen måte identiske, men eit dobbeltmotiv synest gjennomgåande: Dei heilt nære tinga – gjerne insekt og plantar – sette i samband med det kosmiske, ikkje minst med lysets rørsler gjennom alt som er. Summen er bøker fylde av kontemplerande, men samstundes sansande møte med tilværet, som ikkje sjeldan blir forløyst i eineståande bilete.