Eg hadde blitt ei som lata seg. Ho sat i sofaen på blanke formiddagen og las i ein ny roman, Thomas Espedals «Elsken», som handla om ein mann som heitte «Jeg». Då ei kvinne nærma seg huset, spratt Eg opp, nærast som eit dyr, ikkje berre for å sjå nærare på kven det kunne vere, men også for å skremme inntrengaren frå å kome heilt opp til huset. Kvinna stoppa. Eg stirra heilt til kvinna rygga bakover, og la på sprang mot busstoppen. Eg kjente pulsen dundre i halsen, og la seg ned på golvet for å gøyme seg frå innsyn. Hadde kvinna kome for å drepe Eg?
Ei espedalsk forteljing om støttekor og oi-oi-fjes.
Dette er fiksjon. Dette har ikkje skjedd. Dette er ikkje sant.
Signert