Oljedrama med ein klar kunstnarisk visjon.
(Produsert av Maipo for NRK, 2018)
Konseptuerande regissør: Petter Næss.
Medregi: Pål Jackmann.
Manus: Mette Bølstad, etter ein idé av Synnøve Hørsdal og eit konsept av Siv Rajendram.
Med: Anne Regine Ellingsæter, Amund Harboe, Vegard Hoel, Malene Wadel, Per Kjerstad, Pia Tjelta, Bart Edwards.
Lengde: Åtte episodar à 45 minutt.
Vist på: NRK 1 søndagar.
Den norske oljehistoria er eit fantastisk råmateriale for tv-drama, men ein må likevel ha talent for å raffinera fakta til fungerande fiksjon. Det talentet har Mette M. Bølstad, som gjennom manusa til «Nobel» (2016) og no «Lykkeland» har vist at ho meistrar kunsten å prosessera grundig research og stor forståing for politikk og samfunn, slik at det kjem ut i form av like detaljrike som medrivande forteljingar.