Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Dei som koplar konfliktar for tett til klimaendringane, risikerar å oversjå dei politiske årsakene bak.

Klima, krig og flukt

IKKJE SÅ FRUKTBART: Forsking finn ikkje belegg for ein sterk samanheng mellom tørken i Syria og borgarkrigen, skriv Jon Naustdalslid. Her ein kurdisk mann ved grensa til Syria, nær Kobane.FOTO: AFP PHOTO/ARIS MESSINIS ARIS MESSINIS

Klimaproblemet er alvorleg nok om vi ikkje gjer det verre enn det er. Dei aller fleste med innsikt i problemet er samde om at med dagens utslepp av CO2 står Norge og heile verdssamfunnet overfor enorme utfordringar i tida framover.