Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Kronikk

Posisjonskampen

Terje Tvedts framstilling av sine kritikarar er like urimeleg som hans tolking av kjelder.

OMGÅR KRITIKKEN: Terje Tvedt går mest aldri inn på konkret kritikk av boka si, men nøyer seg med å visa til at kritikarane forsvarer gamle posisjonar, skriv Hallvard Tjelmeland. FOTO: TOM HENNING BRATLIE Tom Henning Bratlie

Det er eit mønster i korleis Terje Tvedt møter kritikk av den siste boka si. For det første går han mest aldri inn på konkret kritikk av tolkingar og empiribruk. Han nøyer seg stort sett med å visa til at alle kritikarane berre forsvarer gamle posisjonar mens han sjølv har lansert nye heilskapsanalysar som underminerer desse. Slik var det då eg møtte Tvedt på eit seminar i Tromsø i september og slik er det når han i Klassekampen laurdag uttaler seg om Jostein Gripsrud og min kritikk.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen