Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Industrien er best i klimaklassenHar kutta utslepp med 40 prosent

Skal fange og lagre CO2

SUKSESS: Hydro Husnes har til liks med dei øvrige aluminiumsverksemdene kutta CO2-utsleppa med over 60 prosent per produsert eining sidan 1990. Her fabrikksjef Johan Berg (t.h) og hovudtillitsvald Ørjar Normann. Gunnar Wiederstrøm

STØTTE: Med ny teknologi og fangst av CO2 skal industrien verte klimanøytral, men dei maktar det ikkje utan statleg hjelp.

Dei éin kilometer lange, grøne industrihallane på Husnes i Kvinnherad ligg bada i sol. I hall A går produksjonen for fullt, slik han har gjort sidan 1965. I hall B har det vore stille og avstengt i ti år.