Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Skrekkens bestemor

MOROSAM: Riksteatret har verkeleg laga ei bestemor i Roald Dahls ånd. Ho røyker, er vulgær og ser ut som ein Quentin Blake-illustrasjon frå bøkene hans. FOTO: L-P LORENTZ, RIKSTEATRET L-P Lorentzen 90793385 L-P@lorentz.no

Klassisk Dahl-estetikk, men utan at ungane keiar seg.

Riksteatret

Av: Roald Dahl. Regi og dramatisering: Morten Joachim.

Songtekster: Gunnar Eriksson.

Musikk: Espen Mauno, Gunnar Eriksson.

Produsent: Wenche V. Paulsen.

Scenografi og kostyme: Gjermund Andreassen.

Med: Espen Mauno, Ulla Marie Broch, Ellen Andreassen, Kristian Winther og Andreas Bratlie/Tore Sandbakken.

«Æsj, hun røyker!» kjem det frå ei spak gutestemme bak meg. Morten Joachim og Riksteatret har verkeleg laga ei bestemor i Roald Dahls ånd. Ho røyker, er vulgær og ser ut som ein Quentin Blake-illustrasjon frå bøkene hans. Ulla Marie Broch er morosam i rolla som bestemor, og ungane klukkler omkring meg då ho får i seg medisinen og motvillig byrjar å hoppe og danse, som ei filledokke i hurtig film.