Klassisk Dahl-estetikk, men utan at ungane keiar seg.
Riksteatret
Av: Roald Dahl. Regi og dramatisering: Morten Joachim.
Songtekster: Gunnar Eriksson.
Musikk: Espen Mauno, Gunnar Eriksson.
Produsent: Wenche V. Paulsen.
Scenografi og kostyme: Gjermund Andreassen.
Med: Espen Mauno, Ulla Marie Broch, Ellen Andreassen, Kristian Winther og Andreas Bratlie/Tore Sandbakken.
«Æsj, hun røyker!» kjem det frå ei spak gutestemme bak meg. Morten Joachim og Riksteatret har verkeleg laga ei bestemor i Roald Dahls ånd. Ho røyker, er vulgær og ser ut som ein Quentin Blake-illustrasjon frå bøkene hans. Ulla Marie Broch er morosam i rolla som bestemor, og ungane klukkler omkring meg då ho får i seg medisinen og motvillig byrjar å hoppe og danse, som ei filledokke i hurtig film.