FRITID: I Hol i Hallingdal kostar fjellhytter i snitt tre millionar kroner, mens ein i Kåfjord i Troms berre må ut med 428.000 kroner. Dei to kommunane tronar i toppen og botnen av Statistisk sentralbyrås (SSB) ferske oversikt over prisane på fjellhytter, basert på sal i fireårsperioden 2014–2017. Nest dyrast er fjellhyttene i Øyer i Gudbrandsdalen, der snittprisen er 2,8 millionar kroner, mens Sirdal i Vest-Agder har tredjeplassen med 2,78 millionar kroner. Det er framleis svært mange kommunar der ein lett kan få seg ei fjellhytte til under ein million kroner. Knapt 700 hytter kosta meir enn 5 millionar kroner, skriv SSB i sin gjennomgang av tala. ©NPK