Siste året har både statsrådar, sentralbanksjef og kommentatorar gitt eit svært positivt bilde av utviklinga i norsk økonomi. Tal og prognosar i det fremste internasjonale økonomi-tidsskriftet, The Economist, bekreftar ikkje dette bildet. Tvert i mot tyder det på ei viss mistillit til norsk økonomi at krona lenge har svekka seg. Denne svekkinga er også ein viktig grunn til at vi har fått høgaste prisstigning i Vest-Europa (3,4 prosent). Economist-tala viser ingen reduksjon i arbeidsløysa (3,9 prosent) og prognosen deira peikar mot redusert økonomisk vekst for 2018 (1,6 prosent).
Du kan bla til neste sideBla med piltastene