Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Rådhuset i Bergen er eit døme på ei byplanlegging der alt gamalt skulle rivast.

Evakuerer rådhuset

SKRØPELEG: Rådhuset i Bergen er berre 45 år gamalt, men søylene som heldt bygget oppe er ikkje solide nok. Byrådsleiar Harald Schjelderup har beordra evakuering. FOTO: GUNNAR WIEDERSTRØM Gunnar Wiederstrøm

Helga som gjekk vart rådhuset i Bergen evakuert på ordre frå byrådsleiar Harald Schjelderup etter at det vart oppdaga at dei berande konstruksjonane i bygget viste seg ikkje å halde det dei lova. Evakueringa er litt av ein skjebnens ironi, for rådhuset er eit viktig symbol på ei feilslått byutvikling i Bergen sentrum.